Pappa var lærar med ein stor kjærleik til naturen. Han var nysgjerrig og hadde ein stor formidlingstrong – alltid ivrig etter å lære meg det han kunne. Då han fekk demens, mista han denne evna, og eg bestemte meg for å ta vare på arva frå han. Gjennom mine illustrasjonsplakatar viser eg noko av den rike kunnskapen han har gitt meg.

Gjennom heile oppveksten var pappa den største pådrivaren for å vere ute – uansett årstid og uansett vêr. Om våren spikka me seljefløyter og grov etter sjømakk til kveldens fisketur. Om sumaren fanga me krabbar og knurr på stranda. Om hausten sanka me honning og bær. Om vinteren la me ut fuglemat og hogg juletre i skogen. Ferieturane våre handla mykje om å vere i naturen: Me har reist til Nord-Noreg og fiska under midnattssola, me har vore i Skagen og sett to hav møtast, me har vore på snikkarverkstaden til farfar og bygd både fuglehus og leikebåtar, og me har vore avløysarar på gard med både kyr, høner, hest og geit.

Då pappa vart råka av demens og måtte slutte i jobben som lærar på barneskulen, bestemte eg meg for å heidre han og hans engasjement for å lære frå seg på den måten eg kan best: gjennom å illustrere. Eg ville laga illustrasjonar av fauna og flora der estetikk og lærdom var like viktige.

Det som kanskje er finast med prosjektet, er at det er uendeleg: Det er alltid rom for meir kunnskap, for fleire illustrasjonar. Arva etter pappa tek aldri slutt.

Har du spørsmål om prosjektet eller vil gi meg ei tilbakemelding, eller kanskje du har lyst å selje plakatane og korta i din butikk? Då er det berre å sende meg ein e-post.