Plakatlister vert ikkje levert med plakaten, men kan kjøpast i tillegg. Sjå sida for lister for riktig størrelse til din plakat.
HAVØRN (Haliaeetus albicilla)
Havørn er Norges største rovfugl, og den fjerde største ørna i verda. Den kan ha eit vingespenn på opp til 2,65 meter og vega nærare 7 kg. Hoa vert størst. Havørn er ein fugleart i haukefamilien. Den er i nær slekt med kvithovudhavørn, som er Amerika sin nasjonalfugl.
HEKKING
Ørna byggjer reira sine av kvist og fôrer det med mose, gras, lauv og til og med tang og ull. Reira plar dei bygga på ein knaus eller høgt oppe i eit tre. Hekketida startar i april–mai i arktiske strok, litt tidlegare lenger syd. Det tek ca 38 dagar frå egget er lagt til det klekk.
… PAPPA LÆRTE MEG AT …
I Nord-Norge kallar dei ungfuglane for gleksa. Den har svart nebb og ein mørk brun fjærdrakt. Fullvoksen drakt får dei først når dei er 4-5 år. Den er nokså einsfarga mørkebrun bortsett frå ein heilt kvit hale. Og nebbet vert gult.
MAT
Havørna er toppkonsument i sitt økosystem og lever primært av fisk og sjøfugl den fangar frå havoverflata. Ein sjeldan gong et den pattedyr, men då som åtsel.
HABITAT
Havørna strekkjer seg vidt ut over i verda. Frå Grønland og Island i nord til Irak i sør, gjennom den nordre delen av Asia og til Stillehavet i aust. I Noreg held den til langs heile kysten frå nord til sør, men den er mest vanleg å sjå i Nord-Norge.
Plakatlister vert ikkje levert med plakaten, men kan kjøpast i tillegg. Sjå sida for lister for riktig størrelse til din plakat.