Atlanterhavslaks

from NOK 399.00

Atlanterhavslaks (Salmo salar)

Atlanterhavslaksen er ein fiskeart i laksefamilien som lever mesteparten av livet i havet, men dreg opp i elver for å gyta. Hannlaksen som ein også kallar hake kan verta opp til 1,5 meter lang og vege meir enn 40 kg. Ho-laksen vert noko mindre. Arten høyrer til i det nordlege Atlanterhav.

ADFERD

Atlanterhavslaksen er anadrom, som betyr at den dreg opp i elver for å gyta. Sjølv om fisken lever i havet kan egga berre klekka i ferskvatn. Den gyt berre i elver med steinbotn som har ganske kald temperatur. Yngelen er mellom 2 og 5 år gamal når den dreg frå elva og ut i havet for å livnæra seg fram til den er gyteklar.

… PAPPA LÆRTE MEG AT …

… I Norge vert laksen også kalla parr, smolt, leksing, svidde, tert, pjakk, diddi, svele, grilse, namsblank, blege, og småblank.

SMOLT

Smoltifisering er ein metamorfose. Det betyr at fisken skal gjennom ei indre og ytre fysisk forandring for å tilpassa seg til livet i havet. På utsida skiftar den farge og på innsida må den tilpassa seg til å leva i saltvatn.

VANDRING

Laksen har fleire oppvekstområde i havet. Viktige oppvekstområde for norsk laks kan vera frå Sør-Grønland, langs heile norskekysten og til Russland. Merking av laks har vist at den kan vandra opptil 100 km i døgnet over tid. Vanlegvis dreg laksen tilbake til elva den kjem frå for å gyta.

Storleik:
Quantity:
Add To Cart

Plakatlister vert ikkje levert med plakaten, men kan kjøpast i tillegg. Sjå sida for lister for riktig størrelse til din plakat.

Røsslyng
from NOK 399.00
Månefasane
from NOK 399.00
Årstidene
from NOK 399.00
Fuglekasse
from NOK 399.00
Dompap
from NOK 399.00