Månefasane
MÅNEFASANE
Ein månefase er den solbelyste delen av månen som er synleg frå jorda. Det er fire hovudfasar: nymåne, første kvarter, fullmåne og siste kvarter. Månen er i ny når den synlege delen veks fram mot fullmåne, og i ne når den minkar mot nymåne. Grensa mellom den belyste delen og den mørke delen av månen vert kalla terminator.
… PAPPA LÆRTE MEG AT …
… Månefasesyklusen tek om lag ein månad, det vil seia 29 døgn, 12 timar, 44 minutt og 2,9 sekund som er 29,530589 døgn og vert kalla eit måneverv. Det er bakgrunnen for tidsrekninga til ein månad i kalenderåret.
NYMÅNE OG FULLMÅNE
Nymåne er når månen er i konjukson med sola. Den belyste sida av månen er på sola si side og ikkje synleg frå jorda. Fullmåne er når månen står på motsett side av sola og heile den belyste sida kan sjåast frå jorda.
FØRSTE -OG SISTE KVARTER
Første kvarter, også kalla halvmåne, er når halve månen er belyst og synleg frå jorda. Her har månen fullført ein kvart runde rundt jorda. Siste kvarter er når den andre halvdelen av månen er belyst og synleg frå jorda. Her har månen fullført trekvart runde rundt jorda.
SUPERMÅNE
Ein supermåne intreffer når ein fullmåne er ved sitt næraste punkt til jorda i sin bane. Det punktet vert kalla perigeum. Ein supermåne framstår 12-14 prosent større. Mikromåne verkar motsett og er når månen er lengst borte frå jorda i sin bane, kalla apogeum.
Plakatlister vert ikkje levert med plakaten, men kan kjøpast i tillegg. Sjå sida for lister for riktig størrelse til din plakat.